Home > Summer > Hiking suggestions in Rauland > Kvennavegen – vandring i veglaus bygd


Kvennavegen – vandring i veglaus bygd

- Experience Rauland in the summer!


Kvennavegen – vandring i veglaus bygd

1,9 km rundtur – enkel og familievenleg

Dette er ein kort fjelltur på Møsstrond i Vinje, ved foten av Hardangervidda. Turen startar i båt over Møsvatn. Rutebåten Fjellvåken fraktar reisande inn til Mogen turisthytte, der fotturen startar.

Undervegs på den godt tilrettelagte turvegen er det flott utsikt mot fjellgarden Argehovd – som du kanskje har sett på TV-programmet ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”?

Undervegs på turen kan du lære om livet på Møsstrond gjennom tidene. Lytt til snakkestolpen, som fortel deg om livet i den veglause fjellbygda i dag.

Last ned gratis turforslag med kart her



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.