Home > Summer > Rauland Kunstmuséum - salsutstilling sommaren 2017


Rauland Kunstmuséum - salsutstilling sommaren 2017

- Experience Rauland in the summer!


Rauland Kunstmuséum - salsutstilling sommaren 2017

Besøk Rauland Kunstmuseum og salsutstillingen i sommar. 

Rauland Kunstmuseum opnar no til laurdagen, og samlingane inneheld som tidlegare år Dyre Vaa - og Skinnarlandsamlingane i to separate bygningar. Dyre Vaa samlingane inneheld arbeid av Dyre Vaa, Tor D. Vaa og Svallaug Svalastoga.

Dyre Vaa var ein utruleg aktiv og kreativ kunstnar, og samlingane omfattar mest frå denne personen. Men Tor D. Vaa og Svallaug Svalastoga har også mange fine arbeid utstilte. 

Arne Vinje, som har skrive biografien om Dyre Vaa, startar utstillingane med eit kåseri om Dyre Vaa kl. 1200, deretter går me ned til Skinnarlandsamlinga.

Her er det utstilt skupturar, måleri og teikningar etter bilethoggaren Knut Skinnarland. Vener av Skinnarlandsamlinga skipar kvart år til ei eiga salsutstilling. Utstillaren i år er biletkunstnaren Elisabeth Werp. Ho er utdanna ved Statens Håndverk og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi i Oslo og uttrykkar seg gjennom måleri og grafikk. Motiva kan vera draumande, symbolske og figurative, men med eit abstrakt innhald.

Det er høve til å kjøpe kunstverk, som blir levert ut etter utstillingsslutt i august.

Elisabeth Werp vil vera tilstades under opninga og presentere arbeida sine. 

Underhaldning ved Dag Schiøth, og Per «Zotora» Nygaard. Her kan me få høyre innslag av opera saman med instrumentet didjeridoo.

Opningstider

Utstillinga varer frå 25 juni til 15 august frå kl 11.00-17.00. Måndagar stengt. 

Rauland kunstmuseum vert drifta av stiftinga Vest-Telemark museum

25. June - 15. August 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
   V  V  V  V  V  V


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.