Home > Aktør > Straumebui


Landhandelen ved Straumekrysset i Øyfjell 

    Straumebui
    Phone: 46 43 00 41 / 40 29 53 81
    Email: annavlidSPAMFILTER@gmail.com (Remove SPAMFILTER from the address)


    Den gamle landhandelen rett ved Straumekrysset i Øyfjell, der vegen mellom Rauland, Nutheim og Høydalsmo møtast, vart pussa opp våren 2015. Fire kremmarar innlosjerte seg i både fyrste og andre høgda - og dermed var det med eitt liv innanfor tømmarveggane att! Her finn du lokalmat og garn, brukt og nytt, retroinspirerte barneklede, leiker, bøkar og interiør - i eit sjarmerande lokale med historisk sus!

    Me har ope kvar laurdag og sundag, frå kl. 11-17.00, ut året (med unnatak av Dyrskuhelga i september, då me har standar i Seljord).

    I tillegg til vanleg helgeope har me ope kvar dag i påska (frå og med laurdag 19. til og med 2. påskedag, frå 11-17.00).

    Finn oss gjerne på facebook (Straumebui og Om att - litt på halv åtte), eller sjå innom bloggen vår, www.omatt.blogspot.com

    Velkomen!

    Straumebui



    This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.