Link tab title



Raulandsakademiet > Telemarkstunet > Jolemarknad på Telemarkstunet


- Accomdations and cultural experiences.

Raulandsakademiet
Phone: +47 35 07 32 92
Email: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Remove SPAMFILTER from the address)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

genser frå strikkeriet på Rauland

tysk marsipan stollen

sjur i bakeriet

Lisa Haugeland, Amalie Eldnes og Anja Røed, konsert 10. des.

Frøydis Bergheim Ruud og Bjørnhild Eskeland Wesenberg konsert 3. des.


Jolemarknad på Telemarkstunet

Program for jolemarknad 2017 kjem i løpet av oktober!

Låven er på nytt fyllt med gode handlagde produkter. Bakaromnen er varm og produserar bollar, brød og julekaker. I Stallen blir flatbrød og kling baka på takke. Alle er velkomne til Gardsjordstoga til kafé med heimelaga mat. Vi jobber nå med program - detaljer kjem fortløpande!

Jolemarknad er ope kvar laurdag og sundag 26.11-18.12 kl. 11-16

Låven: Utsal med haugevis av gode handlaga varer

Stallen: Sal av heimebaka kling og brau

Eldhuset: Bakeri med nybaka brød, jolekake m.m

Gardsjordstoga: Kafé med sal av kjøtsuppe, rjomegraut og kling. Ymse utstillarar kvar helg. Heimelaga småkaker baka med smør og tysk marsipan stollen. Stengt 17.-18.12

Konsertane i Årstoga er gratis, kvar laurdag kl. 14, med høve til å støtte artistane ved å legge litt i hatten.

Program 2016

Laurdag 26. November 11-16

Bokhelg på Telemarkstunet:

kl 11-16 Kviteseid bok og papir kjem til Gardsjordstoga. Her har du høve til å få kjøpt dei harde pakkene.  

kl 11-16 Kjell Ivar Schia sel økologisk eplemost frå Sauherad.

kl 12 Rauland Historielag presenterar Årsskrift for 2016 I Gardsjordstoga. Om Arbeidarrørsla, Raulandshuset, Falkefangst.

kl 14 Konsert med Mark Insley I Årestoga. Britisk musikk med munnspel og torader, Morrisdans m.m.

Sundag 27. November 11-16

kl 11-16 Kviteseid bok og papir er i Gardsjordstoga. Her finn du eit utval av årets nye bøker. 

kl 11-16 Kjell Ivar Schia sel økologisk eplemost frå Sauherad.

Laurdag 3. desember 11-16

Kl 14 Frøydis Bergheim Ruud og Bjørnhild Eskeland Wesenberg konsert i Årestoga. Fele, bratsj og song. Folkemusikk frå Hadeland og Møre og Romsdal i tillegg til taterviser og småstubbar. 

Sundag 4. desember 11-16

Britt Elin Myrene sel tyttebærgløgg, huldregløgg, kreklingsirup og rognebærgele I Gardsjordstoga.

Ta ein tur innom kafeen I Gardsjordstoga. Er du av dei som synest småkakene smakar best før jol? Her får du kjøpt heimelaga sandkaker, serinakaker, brune pinnar kokusmakroner m.m. Alle baka med smør og gode råvarer. Og gå ikkje glipp av å smake på tysk marzipan stollen, ei heilt spesiell tysk jolekake med mykje godt I .

 

Laurdag 10. desember 11-16

Strikkeriet på Rauland. salsutstilling i Gardsjordstoga

Knut Våmartveit sel knivblad, knivar og belte m.m. I Gardsjordstoga

kl 12       Strikkeriet på Rauland. Mannekengframsyning i Gardsjordstoga.  Mona Hugen og Marit Buset presenterar produkt. Salsutstilling

Kl 14      Lisa Haugeland, Amalie Eldnes og Anja Røed er 'eit lite jenteband' har konsert i               Årestoga. Du får høyre tradisjonelle folketonar og salmer som høyrer joletida til.

 

Sundag 11. desember 11-16

Strikkeriet på Rauland, Mona Hugen og Marit Buset presenterar produkt, salsutstilling i Gardsjordstoga

 

Laurdag 17. desember 11-16

Siste helg med Jolemaknad i år

Har du ikkje fått tid til å bake kling og flatbrød så har Yvonne og Inger baka opp eit lite lager.  Steinomnsbakeriet er i gang med kanelsnurrar og både grove og fine brød. Brøda tåler godt å bli fryst seier Sjur bakar. På Låven er det framleis høve til å finne den perfekte jolegåva. Der er to etasjar fylt opp av all slag godt handarbeid. Heimespita loddar og vottar, luer og skjerf, fine glas og keramikksaker, smykke og all slag treting med meir.

 

Sundag 18. desember 11-16

Siste helg med Jolemaknad i år

Har du ikkje fått tid til å bake kling og flatbrød så har Yvonne og Inger baka opp eit lite lager.  Steinomnsbakeriet er i gang med kanelsnurrar og både grove og fine brød. Brøda tåler godt å bli fryst seier Sjur bakar. På Låven er det framleis høve til å finne den perfekte jolegåva. Der er to etasjar fylt opp av all slag godt handarbeid. Heimespita loddar og vottar, luer og skjerf, fine glas og keramikksaker, smykke og all slag treting med meir.

26. November - 18. December 2015

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
           V  V

handverk på Låven

kling og brau

Mark Insley konsert 26. nov.

Rauland Historielag, 2016, presentasjon 26. nov.

Tunet i morgonlys



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.