Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Unge karar - vakse spil


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


Unge karar - vakse spil

Onsdag 10. mai kjem Torgeir Straand og Lars-Ingar Meyer Fjeld til Årestoga på Raulandsakademiet. Sams for desse karane er at dei stod fram som gode spelemenn i ung alder - båe spela dei seg beint gjennom B- klassa - var A-klassingar i 20-årsalderen.

Vegen fram dit var likevel noko ulik. Som smågut var Torgeir (f.1981) "dagunge" hjå Alfred Amundsen i Bø, og lærde dei fyrste bogadraga der. Seinare blei det musikkskulen i Bø med Kjell Bitustøyl og Johannes Sundsvalen. Viktigaste inspirator og læremeister må ein likevel seia at Anund Roheim (1913-1999) var. Der fekk Torgeir lære kring 70 slåttar.

Som medviten bøhering har Torgeir sjølvsagt studert opptak med Jens Amundsen, Bjarne Herefoss og andre storkultar frå Bø. Spelet hans kan best karakteriserast som intenst og kraftfullt.

Lars-Ingar (f. 1992) er frå Sandefjord, og lærde å spela fiolin i musikkskulen der. Som niåring såg han ljoset, ved at bestefaren let han høyre hardingfelespel frå Telemark. Lars Ingar konverterte på flekken, og etter det har han leita seg fram ved å lyde på opptak og lære av spelkameratar.

Av dei mange tradisjonslinene Telemark kan bjode på, er det helst tuddalsspelet - etter Løndalsbrørne - Lars Ingar har konsentrert seg om. Men, me kan òg vente oss skeive tinndøltonar etter Johannes Dahle, og høgstild fele med Tjønnstaulslåttar.

Dei som likar godt spel, vask øyro og møt fram! er oppfordringa frå Folkemusikkscena på Rauland, som arrangerer konserten.

Konserten er onsdag 10. mai kl. 20.00 og koster som vanlig 200,- / 100,-

10. May 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
     V        


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.