Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Kvar song ei soge


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


Kvar song ei soge

Laurdag 18. februar kan du sjå Aaslaug Vaa sin film om kvedartradisjonene på Møsstrond på Rauland. Filmen vert vist som ein del av Rauland internasjonale vinterfestival.

Myllarsalen, HSN, Raulandakademiet lørdag 18. februar kl. 18.00

Opp gjennom hundreåra har den munnlege songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. Dette er ein film om dei som syng, som set pris på og fører vidare desse songane den dag i dag.

I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar og skaper historie. Slik blir kulturarven levande i kvardag og fest frå vogge til grav.

Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i KVAR SONG EI SOGE fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim.

Medverkande:

Jon Inge Øverbø Særsland, Ragnhild Øverbø Særsland, Randi Øverbø Hove, Kjell Hove, Einar Øverbø, Inger Lien, Marthe Nordjordet, Jarle Nordjordet, Britt Karin og Halvor Nordjordet,  Hillborg Romtveit, Trygve Vågen, Birgit Landsverk og Lars Erik Skjøtskift Øygarden.

18. February 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.