Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > KNUT REIERSRUD I ÅRESTOGA!


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


KNUT REIERSRUD I ÅRESTOGA!

I 35 år har Knut Reiersrud traktert gitarane sine på tallause scener og oppglødd publikum - bokstavleg tala - verda rundt. Fredag 2. juni spelar han i Årestoga på Raulandsakademiet. 

Hans omgang med strengeinstrument - både musikalsk og visuelt - er å sjå som ei totaloppleving. Kong Harald uttala etter ein Reiersrudkonsert i Sørafrika at han aldri tidligare hadde sett ein musikar fysisk forsvinne inn i instrumentet sitt slik som Reiersrud. President Tabu Mbeki gav gitaristen vår tilbod om sørafrikansk pass - for å få eit ekstranummer - på same konsert.

Knut er ein av Norges beste instrumentalistar, ein virtuos på gitar, og ein magikar på scenen. Tre store påstandar, men dei stemmer faktisk alle tre. Han har gjeve ut ei rad plater - både soloalbum og album med diverse konstellasjonar opp gjennom åra, der han har motteke Spelemannprisen for tre av dei I tillegg til andre prisar har han óg mottatt ein Dansk Grammy-pris.

Han har spela med storheiter som Dr. John, Buddy Guy, Stevie Ray Vaughn, David Lindley og spela inn liveplater i land som i Nepal og i Iran. Få andre artistar kan matche det!

Knut Reiersrud spelar blues, folkemusikk, indisk, afrikansk, i tillegg til å vera ein fantastisk improvisatør. Med eit arsenal av ulike gitarar gjer han i sine solokonsertar ei reise i den mangslungne lendet i strengemusikken er..

Med si enorme erfaring: 15 soloplater, medverknad  på 300 plateutgjevingar og turnear på alle  kontinent - er han med sine 53 år nærast for ei levande legende å rekne. Med blues i ryggrada - etter læretid i Chicago og New York med folk som Dr John og Buddy Guy - er Knut Reiersrud ALLTID klar for å levere varene 110 prosent. 

Det er Folkemusikkscena på Rauland som skipar til konserten.

……………………………

2. June 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
         V    


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.