Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Gudbrandsdølar med gnist i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


Gudbrandsdølar med gnist i Årestoga

Hans og Rasmus Kjorstad frå Nordgard Kjorstad i Sør-Fron er to unge og markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg. Onsdag 15. mars kjem dei til Årestoga på Raulandsakademiet.

Kl 20.00 onsdag 15., 200,- /100,-

Til brør å vere har dei to ganske ulike musikalske bakgrunnar, men i denne duoen samarbeider dei om ein felles ide om å spele fantastisk folkemusikk. Saman tek dei i bruk folkemusikkrepertoaret frå Midt-Gudbrandsdalen. Springleikar og hallingar, samt ein og annan vals, vert framført i gnistrande samspel.  

Brørne har spelt den tradisjonelle musikken frå Fronsbygdene sidan dei var små, og kan stilen ut og inn. Duoen eksperimenterer med harmonikk, rytmikk, og melodiliner som både arbeidar med og mot kvarandre, eller i fjellstø unison. Dei lovar lokal musikk spelt på ulokalt vis, og det er ei sjanse for at du spør deg sjølv; «er dette folkemusikk frå Fron?» Og jammen er det ikkje det.

Gjennom improvisasjonar og ulike instrumentteknikkar har dei som mål å leggje fleire fasettar til folkemusikken - og slik opne den opp for eit nytt publikum. Dei har lært folkemusikktradisjonen frå Midt-Gudbrandsdalen på "gamlemåten", gjennom munnleg overføring av både slåtter og historier. Begge brørne studerar no ved Noregs Musikkhøgskule.

I slutten av oktober 2016 vart debutplata med det eksotiske navnet «Pusinshi Ulla», lansert. Den er eit resultat av lang tids arbeid med å utforme lokale låtar frå Fronsbygdene med eit personleg og utfordrande språk. Samstundes har brørne gjennom studiar og samspel med andre musikarar opparbeidd seg ein stor lydpalett med meir moderne musikalske element og bruk av utradisjonelle virkemiddel. 

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

15. March 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
     V        


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.