Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Folkemusikkscena: Lady Hardanger


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


Folkemusikkscena: Lady Hardanger

”Lady Hardanger er i utgangspunktet et bandnavn fra himmelen, og sånn høres de  jammen ut også.” Slik skriv Dagsavisen om Lady Hardanger. Onsdag 23. august kjem dei til Rauland.

Lady Hardanger reiste frå Vestlandet, ramla i gumbogryta i,Louisiana og fann vakre popviser i undergrunnen i Berlin. Slik enda dei opp med å spela ei frisinna blanding av cajunmusikk, old time, calypso og pop. Bakgrunnen frå norsk og amerikansk folkemusikk og pop finn ein attt i både instrumentering, spelestil og song.

Om songane Lady Hardanger spelar ikkje alltid fortel eigne historiar, så fortel dei alltid - som gode låtar skal - direkte og ærleg om livet, lidinga og kjærleiken. Young Blood heiter Lady Hardangers fyrste album, og dei har hausta strålande kritikkar.

Medlemmene er aktive i andre grupper, mellom anna popbandet Frøkedal & Familien, folkbandet Bergen Mandolinband og Stanley Brinks & The Kaniks. Dei fem er: Ingeleiv Berstad på vokal og fele, Anne Lise Frøkedal, gitar og vokal, Olav Christer Rossebø fele og mandolin, Ingemund Askeland banjo og vokal og Jo Fougner Skansaar på bass. Konserten i årestoga på Raulandsakademiet markerer opninga av haustsesongen ved Folkemusikkscena på Rauland.

23. August 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
     V        


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.