Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Avslutningsdagane 2017


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


Avslutningsdagane 2017

Se programmet for avslutningsdagane 2-4. juni 2017.

Eit tettpakka program med konsertar, utstillingar og showet Fashion fesjå står på programmet når Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, HSN, Rauland, opnar dørene helga 2. - 4. juni.

Fredag 2.juni kl.20.00 er det konsert med Knut Reiersrud i Årestoga, Telemarkstunet, Raulandsakademiet.

Laurdag kl. 18.00 er det den tradisjonelle konserten med folkemusikkstudentane i Dyre Vaa - samlingane.

Laurdag og søndag er utstillingane opne frå kl. 11.00, der ein kan sjå eksamensoppgåvene til studentane ved Masterstudiet i tradisjonskunst, Kreativ maskinstrikking I, Design, redesign og saum av klede og Bachelorstudia i tre, metall og tekstil.

Fashion Fesjå

Studentane ynskjer for 11. gong velkomen til Fashion Fesjå. Det blir eit spennande show der studentane sine eksamensoppgåver og arbeid gjennom året blir presentert på ein ny og kreativ måte, med musikk framført av folkemusikkstudentar. Dette skjer søndag 4. juni kl.16.00 i Vinjesalen på Raulandsakademiet i Rauland.

Etter showet markerer Telemark Fylkeskommune avslutninga av stipendperioden for Telemark fylkeskommune sitt stipend for husflid og handverk. Stipendet gjekk denne gongen til Mari Mosand for hennar arbeid innan tre.

Det er mogleg å få kjøpt seg mat og drikke i kafeen på Raulandsakademiet. 

Tysdag 6. juni, onsdag 7. juni og er det mastereksamen, og denne er open for alle.

Velkomen skal de vera!

2. - 4. June 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
         V  V  V


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.