Home > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Phone: 35 95 29 00
Email: raulandSPAMFILTER@hit.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: Nettside

3864 Rauland


 

Tradisjonskunst

Institutt for folkekultur på studiestad Rauland ligg i Vinje kommune og har ansvar for utdanningstilboda i folkemusikk og folkekunst ved HiT.

Rauland er ei bygd med rike tradisjonar innan folkekunst og folkemusikk og fleire kjende kunstnarar har budd og arbeidd her.

Studentarbeid:

Aktuelt:

«GODSRUTA» stoppar ved Årestoga på Raulandsakademiet onsdag 25. november! Folkemusikkscena på Rauland sett strek for haustsesongen med musikk frå Hallingdal.

Onsdag 28. oktober blir det valdrestakt i Årestoga på Raulandsakademiet. Då kjem to felespelarar i toppklasse; Jan Beitohaugen Granli og Laura Ellestad.

200 år etter at Napoleon fekk så hatten passa i slaget ved Waterloo, utfordrar ein engelskmann og ein franskmann kvarandre til omkamp, denne gongen væpna med kvar sin consertina…slaget står i Gardsjordstoga på Telemarkstunet, Raulandsakademiet tysdag 13. oktober.

Haustsesongen ved Folkemusikkscena på Rauland opnar med ein smell: Gruppa “Gammalgrass” med trekkspelar Stian Carstensen, felespelar Ola Kvernberg og bassisten Ole Morten Vågan  kjem til Kaffibaren på Rauland torsdag 20. august.

Meir trøkk og volum i Årestoga enn det som vanleg er fredag 5. juni: Daniel Sandén-Warg og Anders Røine utgjer duoen «Revolver».

Tid: 20.00.  Inngang: 200,-

«Ein ung frisk kvartett, forlokkande og nyskapande» skriv Sunday Mail i Skottland om gruppa Boreas som kan høyrast på Kafffibaren på Rauland onsdag 13. mai.

Onsdag 18. mars kan ein høyre slåttespel og gode soger frå Seljord og Vest-Telemark i Årestoga på Raulandsakademiet. To formidlarar frå to generasjonar gjev oss eit innblikk i ei løynd og mystisk verd med tussar, gygrer, forsteining og bergtaking. Her er spenning, humor, dramatikk, sorg og glede.

Velkommen til Rauland Internasjonale Vinterfestival 
11.-15. februar 2015

Onsdag 26. November kjem den prisbelønte kvartetten We Banjo 3 (+1) frå Galway, Irland innom Årestoga på Raulandsakademiet som snarast, som ein av tre konsertar i Noreg.

Onsdag 5. november får Rauland besøk av tre meisterspelemenn på hardingfele, nemlig Leif Rygg, Knut Hamre og Håkon Høgemo. 

Se film:



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.