Link tab title



Camp Vierli > Aktuelt > Avduking av skulptur på Vierli


- The urban travellers home - in Rauland


Avduking av skulptur på Vierli

Bli med på den høytidelige avdukingen og feiringen ifm. skulpturen "Vidsyn" 2. september på Vierli. Skulpturen "Vidsyn" skal lokke folk til fjells og får ein unik plass ovenfor Vierli. Laurdag blir den avduka med musikk, kustnarsamtale og kortfilm.

Lørdag 2. september 2017 på Vierli 

Program

Kl. 14.00 

  • Tur fra Vierli opp til skulpturen (15 min. gåtur)
  • Avduking v/ordfører Jon Rikard Kleven
  • Presentasjon av kunstneren,billedhogger Hilde Mæhlum
  • Musikalske innslag v/ Inger Lien og Ånon Egeland 

Kl. 15.30 på Vierli 

  • Enkel servering
  • Musikkinnslag v/studenter fra folkemusikklinja HSN avd. Rauland
  • Film produsert av Frode Stang om prosessen med skulpturen "Vidsyn" 
  • Kunstnersamtale mellom billedhogger Hilde Mæhlum og seniorforsker Karin Hellelandsjø.

Bilethoggar Hilde Mæhlum frå Notodden har, på oppdrag frå Vinje kommune, laga ein skulptur som skal stå i bakken ovanfor Vierli.  Skulpturen er hittil det største arbeidet til kunstnaren, og vil ruve i terrenget med flott utsyn over Møsvatn, Raulandsfjell og Hardangervidda.  Hilde Mæhlum sitt nye verk vil stå fram som eit markant landemerke.

Vinje kommune er ein del av Rjukan-Notodden industriarv som inngår i Unesco's verdsarvliste.  Ved dette kunstverket vil ein sjå utover verdsarvkjelda Møsvatn, som la grunnlaget for den store industrireisinga fyrst på 1900-talet i Telemark. 

Skulpturen er plassera slik at den skal få folk ut i terrenget også sumarstid.  Staden med skulpturen og det flotte utsynet skal knyttast til merka stier som går innover i Svinefjell- området.  

Telemark Utviklingsfond har vore avgjerande for finansieringa av prosjektet, og har vore ein god samarbeidspart saman med Telemark Fylkeskommune. 

Ordføraren i Vinje, Rikard Kleven,  står for avdukinga 2. september.  Alle som vil kan møte opp ved Vierli klokka 14:00 laurdag 2. sepember.  Forsamlinga går samla opp til skulpturen.  Der blir det  musikalske innslag ved Inger Lien og Ånon Egeland.

Deretter blir enkel servering til alle på Vierli kafeteria. Det blir musikkinnslag frå studentar ved HSN Rauland, samt kunstnarsamtale mellom kunstfagleg ansvarleg for prosjektet, magister Karin Hellandsjø og bilethoggar Hilde Mæhlum. 

Frode Stang har laga ein kortfilm der han syner korleis skulpturen blei til. 

Pogrammet blir avslutta ca. klokka 16:30.

2. September 2017

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.